Eit steg nærmare sal

Fjell kommune ønskjer å kjøpa, men saka skal innom to politiske organ før alt er avgjort. Bustadar knytt til rus og psykiatri, ROP, vert den nye bruken.

Til ein pris på 18 millionar innstiller rådmannen i Fjell kommune på kjøp av ImFs administrasjonsbygg på Bildøy. Då får han tilslaget på bygget, samt 2,5 mål omliggande tomt.

– Me er nøgde med denne prisen og meiner det vil vera nok til å forsvara flytting, seier administrasjonsleiar Anja U. Heggen i Indremisjonsforbundet (ImF).

Bedehushjelp.
Det var hausten 2012 at ImF fekk invitasjon frå Straume forum om å kjøpa seg inn i andre etasje på det nye bedehuset som vert planlagt for Brattholmen indremisjon. Forbundsstyret sa ja dersom dette kunne løysast utan at det gav meirkostnad økonomisk.

Dersom salet no vert ein realitet, kan ImF realisera planane om å flytta administrasjonen til Straume forum.

– For oss inneber eit sal for ImF eit klarsignal til å gå i gang med bygging av Straume forum. Me er klar til å lysa ut anbod på betongarbeidet så fort dette er politisk vedtatt, seier styreleiar i Brattholmen Bedehus, Atle Våge.

Omstridd bruk.
Men sjølv om rådmannen innstiller på kjøp, er saka langt frå avgjort. Saka skal fyrst handsamast i Komité for finans og forvaltning 3. juni. Går den igjennom her, ventar Kommunestyret 19. juni.

Kva utfallet blir, er uvisst.

For kommunen sine planar for anlegget er ikkje kontor, dei ynskjer å byggja dette om til bustadar for personar som slit med tung rus og psykiatri, den såkalla ROP-gruppa.

– Me fylgjer nå opp handlingsplanen som vart vedteken i desember om bustad for vanskelegstilte. Den planen er det brei politisk semje om, seier spesialrådgjevar Atle Justad i Fjell kommune.

– Godt egna.
Ifølgje Nav er det til ei kvar tid kring 30 slike personar i Fjell kommune. Ti av dei treng heildøgnstilsyn i tillegg til bustad. Seks av desse er nå tenkt husa i eigne leilegheiter på Bildøy. I tillegg vil det bli to akutt-bustadar, personalbase for kommunens rusteam, fellesareal for bebuarane og kanskje også dagsenter.

– Desse lokala vil vera godt eigna til denne typen verksemd, og då særleg med tanke på utsikt og nærleik til natur og sjøen, seier Justad – som samstundes forstår reaksjonar frå velforeininga når dette er tenkt etablert i eit byggefelt.

Dei svake.
For ImF-administrasjonen har det fyrst i siste runde av forhandlingane vorte kjent kva kommunen ønskjer å bruka huset til. Det har difor ikkje vore ein faktor i salsprosessen.

– Det er flott at huset kan bli brukt til noko meiningsfullt av ein ny eigar. Å ta vare på nokre av dei svakaste blant oss, er i god indremisjonsånd, seier administrasjonsleiar Heggen.

Nå håpar både ho, kommuneadministrasjonen og eldsjelene bak Straume forum at salet skal gå i gjennom i kommunestyret 19. juni. Skulle det ikkje skje, er det likevel inga krise for bedehusplanane dersom vedtaket må venta til hausten.

Utsetjing?
– Me har tid til å venta litt, for det skjer ikkje noko i sommar uansett. Men dess lengre tid det går, dess knappare tid vert det for oss å rekkja betongarbeidet før vinteren kjem, seier Atle Våge i Straume forum.

– Skulle det derimot visa seg at det er politisk uaktuelt å etablera bustadane slik at heile kjøpet vert stansa, må me vurdera kva med då skal gjera. Men det er heilt klart at primærynskjet vårt er å få inn Indremisjonsforbundet som leigetakar i andre etasje, seier han.

Til orientering
Journalist Vilhelm Viksøy har bustadadresse på Bildøy. Han er òg medlem av hyrde- og lærerådet ved Brattholmen Bedehus. Saka er produsert i samråd med redaktøren for Sambåndet, i lys av dette.

 

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.